Fritidskontakt / støttekontakt
Vil du jobbe som fritidskontakt / støttekontakt?
Oppdrag som fritidskontakt/støttekontakt kan vere både meiningsfylt og spennande.
Som støttekontakt kan du hjelpa ein annan person å bli meir trygg på seg sjølv, og bidra til at den enkelte får ei meinigsfull fridtid og sosial deltaking.
Tenestemottakarane våre er personar med ulike behov for tilrettelegging.
Oppdraget som fritidskontakt/støttekontakt passar deg som er engasjert og ynskjer å hjelpe andre, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
Fritidskontakten/støttekontakten kan gje råd i dagleglivets gjeremål, men skal i hovudsak hjelpe og støtte etter brukaren sine ønsker
Følgje til ulike fritidsaktivitetar, som organisert idrett, gå på kino, eller andre sosiale aktivitetar/arrangement
Kvalifikasjonar
- vere over 18 år
- beherske norsk språk skriftleg og munnleg
- det er ei føremon å ha førarkort og kunne disponere eigen bil
- erfaring er ønskeleg, men er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- vere sosialt engasjert
- ha glede av å hjelpe andre menneske
- evne til å finne på ulike aktivitetar
- innsikt og empati
Vi tilbyr
- om du ikkje har erfaring, får du ein introduksjon til oppdraget
- me tilbyr lønn som i dag ligg på kr 197,- pr time. Etter avtale kan det vere aktuelt å få dekke enkelte utgifter til aktivitetar.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Politiattest må framleggast
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.