Pedagog - Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss
Org. nr: - Stillingsident: 4434515740 Presentasjon av stillingen:
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 19 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Vi ønsker å styrke tenestene til barn og unge med ADHD og deira familiar. BUP Voss har difor oppretta ein ny fast 100 % stilling som pedagog frå 1. februar 2022, som skal arbeide med denne pasientgruppa. Hovudoppgåva blir å utvikle samarbeidet mellom BUP og kommunale tenester som PPT, barnehagar og skular, både på individ og systemnivå. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Poliklinikken er lokalisert på Voss og frå februar 2022 er vi på plass i nye og fine lokale i Knutepunktet Voss. På Voss blir du møtt av eit levande bygdesamfunn med eit mangfald av opplevingar å velja mellom. Voss ligg i hjarta av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 15.800 innbyggarar, og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på tallause vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells og er i drift heile året.
Arbeidsoppgåver
Viktige arbeidsoppgåver er:
- samarbeide med kommunale tenester, som PPT, skular og barnehagar
- arrangere ulike kurs for føresette, og samarbeidspartar i kommunen
- samarbeide med behandlarar på BUP som har ansvar for pasientar med ADHD
- gje psykoedukasjon til pasient og føresette
- gje systematisk foreldrerettleiing, helst PMTO eller DUÅ, både individuelt og i gruppe
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning
- Ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk
- Ønskeleg med vidareutdanning i og erfaring frå arbeid som PMTO terapeut eller foreldrerettleiar i DUÅ
- Arbeidserfaring med barn og unge som har ADHD
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Education Level
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Like å arbeide med utviklingsarbeid
- Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Trivst i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, 90736587/ 56533535
Location
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Bergen
Reference number:4434515740
Percentage of full-time: 100%
Fast
Application deadline: 31.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.