Dagkassanering Flora Brannvesen
Om teneste og stilling
Med bakgrunn i forskriftskrav frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og innbyggjartalet i sentrum av kommunen, er det i Flora brannvesen etablert dagkassanert beredskap. Dette inneber at 4 personar i 100% stilling normalt skal utgjere vaktberedskapen på dagtid. Det skal no tilsettast ein person i 100% stilling for å stette forskriftene.
Flora brannvesen er aktiv innan kursing, både internt og ekstent i kommunen. Denne stillinga vil bli ein del av denne aktiviteten. Flora brannvesen har i dag ansvaret for administrasjon av Bremanger brannvesen. Innan 01.01.2020 vil FLora- og Vågsøy brannvesen utgjere Kinn Brannvesen, Bremanger vil då vere ein del av brannregionen Kinn Brannvesen.
Arbeidsoppgaver
Vi søkjer ein person som ønskjere å inngå i eit team der vi skal gjere kvarandre gode. Dine eigenskapar som lagleiar skal tilføre brannvesenet ein tryggleik i beredskapssamanheng. Du skal delta i ein beredskap der du ønskjer å være på jobb for å sikre ein trygg og sikker kvardag for innbyggjarane våre.
Krav til kompetanse
Gjennomført grunnkurs for deltidsmannskap i brannvesenet
Gode datakunnskaper
Tilfredstillande helse for røykdykking, gjennom fysisk test for røykdykkar
Avstand til bustad må ikkje være over 5 km frå brannstasjonen.
krav til oppmøtetid på brannstasjonen ved alarm er maks 4 minutt på dag og 6 minutt på natt
Førarkort for bil
Det er ønskjeleg med følgjande kompetanse:
Fagbrev innan fagfelt for vedlikehald av motorkjøretøy, hydraulikk, husbygging e.l.
Førarkort for lastebil, eller at du er villig til å ta dette for eiga rekning innan 12 månader frå tilsetting.
Søkjar må ha sertifikat for tunge køyretøy. Kompetansebevis for utrykkingskøyring.
Personlege eigenskapar
Være villig til å drive utadretta aktivitetar og kursverksemd. Dette vil medføre ein del reising.
Gode evner til å jobbe i team med andre, men og gode evner til å jobbe sjølvstendig.
Villig til å ta kurs etter pålegg frå brannsjefen