Kafémedarbeidarar
Kafémedarbeidarar
2 faste 100% stillingar+ fleire stillingar som ekstrahjelp
Bakar Jon finn du på Byrkjelo, langs E39. Dette er ein fast stoppestad for mange vegfarande mellom Bergen og Ålesund. Bakar Jon er eit populært bakeri, konditori, kafeteria og spesialbutikk for lokalmat.
Vi ser etter deg som er:
- Hyggeleg og utadvend
- Løysingsorientert
- Påliteleg og effektiv
- Fleksibel
- Snakkar godt norsk
- Gjerne kokkeerfaring, men ikkje noko krav
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid i kafé og butikk
- Matlaging
- Kassaarbeid
- Reinhald
Coop Nordvest kan tilby:
Ordna løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring, og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre kursprogram på e-læring. Du blir medlem av våre innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og dekkast av våre gode forsikringsordningar. Vi har rabattavtalar for tilsette.
Kontaktinformasjon: Spørsmål om stillinga rettast til butikksjef, Solgunn Brakestad Sårheim, på tlf. 906 16 526
Søknad og CV registrerast på: www.deibestefolka.no, link til siden finner du under "søk på stilling" knappen på denne siden.
Søknadsfrist: 1. april 2023
Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 5,8 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 48 kommunar, frå Åfjord i nord til Gulen i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke.