Er du vår nye rådgjevar innan geodata?
Stillingsinformasjon
Alver kommune treng ein ny medarbeidar innan Geodata, for snarleg tilsetting.
Stillinga vil i hovudsak ha som arbeidsområde sakshandsaming og oppmålingsforretningar etter matrikkellova, eigarseksjonslova, rettleiing av kunder og støtte for matrikkel og kart, kundekontakt og andre utviklings-og driftsoppgåver ved avdelinga.
Om arbeidsplassen
I 2019 vil stillinga inngå i eit team med 5 andre medarbeidarar ved geodata-avdelinga i Lindås kommune, med kontorstad Knarvik. Frå 2020 vil geodata-miljøet i dei tre kommunane Lindås , Meland og Radøy inngå i eit større fagmiljø i Alver, organisert under tenesteområde Arealforvaltning ved Teknisk forvaltning og drift.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar kommunen sine oppgåver etter matrikkellova og eigarseksjonslova.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som har relevant ingeniørfagleg utdanning, gjerne på masternivå, minimum på bachelornivå. Relevant erfaring er av særs stor betydning. Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
God pensjonsordning
Søknad
Søknad skal sendast via våre elektroniske søknadssystem
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved evnetuelt intervju.
Om bedriften
Lindås kommune har 15.000 innbyggjarar og er nabokommune til Bergen. Ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionssenter for Nordhordland. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vår visjon er å vere ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vere kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige.