Journalist
Vil du vere med å utvikle den største kystavisa i Sunnfjord?
Firdaposten søker journalist i fast stilling
Vi er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyheitssakene, som ivrar etter å presentere dei raskt – og som evnar å gjere det i ulike kanalar.
I Firdaposten tenkjer vi digitalt først. I tillegg til å vere skrivande, vil du også ha video, streaming, podkast og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vere open for å tenkje nytt og lære deg nye ting.
Vi ser etter ein person som:
- Har gode idéar, er nysgjerrig og uredd
- Brenn for lokalsamfunn, og ser viktigheita av god lokaljournalistikk
- Både kan jakte på dei store avsløringane, men også handtere dei små, kjappe nyheitene
- Likar å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og vere kreativ
Vi kan tilpasse arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider,
men vi legg vekt på journalistisk utdanning, digital kompetanse og relevant erfaring.
Høyrest dette fristande ut, kan vi til gjengjeld by på:
- Konkurransedyktig løn
- Eit svært godt arbeidsmiljø midt i den trivelege kystbyen Florø
- Svært variert arbeid, der du blir ein del av redaksjonens turnus
- Mykje gode kurs og fagleg påfyll frå eit konsern som er leiande innan lokalavisdrift i Norge
Viss dette høyrest interessant ut, send ein søknad til redaktør Svend Arne Vee
på svend@firdaposten.no, eller ring 90847465 om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon.
Søknadsfrist: 1. oktober
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.