Deltidsstilling/Ringevikar som kvinneleg badevert i Bømlo symjehall
Org. nr: - Stillingsident: 4405516134 Presentasjon av stillingen:
Bømlo symjehall stod klar i 2018 og er Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Her er 25 m basseng med hoppe/stupetårn, samt opplæringsbasseng. Det er stor aktivitet i Bømlo symjehall med skulebading på dagtid og offentleg bading på ettermiddagstid, i helgar og i feriar. Me har tryggleik, reinhald og kundeservice i fokus
Då fleire av våre kjekke badevertar skal flytta vekk
for å gå på skule til hausten, har Bømlo symjehall ledig stilling for kvinneleg badevert frå slutten av august. Då me til ein kvar tid har badevert av begge kjønn på jobb for å ha tilgang til garderobane, har me no behov for ny kvinneleg badevert.
Tal stillingar og stillingsprosent er ikkje endeleg
avklart , og følgjande stilling kan bli aktuell:
-Ringevikar kveld og helg
-Deltidsstilling ca 20% kveld og helg
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
-
Sørge for tryggleik for dei badande
-
Service og kundebehandling
-
Reinhald og enklare vedlikehald
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
-
Du må vera fylt 18 år
-
Du må føle deg trygg i vatn og gjennomføre kompetanseprøve i samband med livredning i vatn, der du mellom anna må dykke ned til 4 m
-
Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing (jf. opplæringslova § 10-9)
-
Ingen krav til formell kompetanse
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
-
Me søkjer etter ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør
-
Du er ein som tek ansvar og kan jobba sjølvstendig
-
Du må ha evne til å vera tydeleg på ein høfleg og venleg måte
-
Interesse for eller erfaring med å vera instruktør er ønskjeleg då me har behov for instruktør til Aqua Gym.
-
Du må ha evne til å være fleksibel, løysingsorientert og trivast med allsidige oppgåver
Vi tilbyr
Vi tilbyr
-
Løn etter avtale (tariff)
-
Gjennomgang av kompetanseprøve i vatn kvart ½ år, samt HLR og førstehjelp
-
Eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
-
Gode pensjons og forsikringsordningar
-
Ein utviklingsorientert og dynamisk arbeidsplass
Kontaktinformasjon
Elin Steinsbø, 95 24 87 44
Arbeidsstad
Idrettsvegen 89
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4405516134
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.