Fagarbeidar Holmedal barnehage
Org.nr.:975309878 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Holmedal barnehage har for tida 21 barn fordelt på 30 plassar og er organisert i ei småbarnsavdeling og ei avdeling for dei større barna. Vi brukar nærmiljøet og er ofte på tur i fjæra og bakken, i skogen og på høgder. Barnehagen samarbeider med nærskulen både ved at ungdommar har arbeidspraksis i barnehagen og at vi nyttar gymsalen. Barnehagen har stort fokus på leiken og på det gode måltid.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.
Vi har frå 17.08.2020 ledig 100% fast stilling som fagarbeidar .
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Annan relevant praksis kan også bli vurdert.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- leiken og open og likar faglege utfordringar
- har evna til å brette opp ermane og ta i eit tak når det er hektisk og samstundes roe heilt ned og vere anker for barna i deira aktivitet
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- trivs i lag med små barn
- glad i å vere mykje ute i all slags vær.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dersom det ikkje melder seg søkjar med fagbrev kan det bli aktuelt å tilsetje assistent mellombels for barnehageåret 2020/21. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sidsel Anita Itland, Tlf: +47 57730761, Mobil +47 99295005, Epost: sidsel.anita.itland@askvoll.kommune.no
Om bedriften