Rådgjevar - jordbruk
Jobbnorge ID: 170365
Om stillinga:
Har du lyst til å jobbe med sakshandsaming og ressurskartlegging i jordbruket?
Fylkesmannen har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 32 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen.
Vi har ledig eit årsvikariat som rådgjevar, ved kontorstad Bergen. Fylkesmannen skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og med tilhøyrande kontroll. Vi skal også med vår kunnskap bidra til å auke verdiskapinga i landbruket, i samarbeid med næringa og andre utviklingsaktørar.
Arbeidsoppgåver:
- Tilskot, kontroll og ressurskartlegging i jordbruket
- Formidling av regelverk m.m. til kommunar og næringa
- Kartfeste og presentere landbruksressursane i det nye fylket Vestland
- Samarbeid med andre sektorar
- Andre oppgåver ved landbruksavdelinga
Kvalifikasjonar:
- Høgare landbruksfagleg utdanning, helst på masternivå
- Det vil vere ein fordel med kunnskap om eller erfaring med GIS-arbeid
- Det vil også vere ein fordel med noko røynsle innan offentleg forvaltning
- Stillinga kan også passe for ein nyutdanna
Personlege eigenskapar:
- Gode formidlings- og samarbeidsevner
- Innsatsvilje
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 480 000 - 580 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av landbruksdirektør Christian Rekkedal, tlf 99 69 23 02, eller assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær tlf 48 00 73 75.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylka sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.
Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.