Lærar i samisk - nordsamisk og sørsamisk
Org. nr: - Stillingsident: 4232124058 Presentasjon av stillingen:
Det er for skoleåret 2020-21 ledige stillingar som lærar i nordsamisk og sørsamisk:
- Nordsamisk: 46 % stilling (Flisnes skole, Emblem skule og Harøy skule)
- Sørsamisk: 7,68 % stilling (Aspøy skole)
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av undervisning
- Oppfølging av elevane sin læringsprogresjon
- Kartlegging og rapportering
- Diverse samarbeid med bl. a. kontaktlærar og norsklærar
- Samarbeid skole - heim
Kvalifikasjonar
For stilling som samisk lærar er det krav om
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskolen
- Formell utdanning i undervisningsfag (minst. 60 stp. i samisk)
- Interesse for og erfaring med digitale læringsverktøy og IT- kunnskap
Personlege eigenskapar
Vi søkjer positive, engasjerte og samarbeidsorienterte lærarar som
- er fleksibel og initiativrik
- kreativ og god å byggje relasjonar
- er ein god lagspelar og samarbeider på tvers
- har motivasjon og interesse for jobben
- jobbar resultatorientert og kjem i mål med oppgåvene
Vi tilbyr
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Varierande og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Opplæring og rettleiing.
- Vi jobbar aktivt med å auke den faglege kompetansen vår gjennom kurs og utdanning.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Judith Damm, Rådgiver/Koordinator for tospråklige lærere, 94780524, judith.damm@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Grunnskoler i Ålesund Kommune
6003
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4232124058
Stillingsprosent: 46%
Engasjement
Startdato: 10.08.2020
Sluttdato: 18.06.2021
Søknadsfrist: 17.06.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.