Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4466816118 Presentasjon av stillingen:
Ungdomsenheten er ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsinstitusjon (TSB) som er lokalisert på Haugaland DPS avd. Karmøy.
Avdelinga tilbyr døgnbasert rusbehandling, og ettervern til unge vaksne pasientar alderen 18-26 år. Me inngår som ein del av det spesialiserte rusbehandlingstilbodet i Helse Vest.
Turnusen er todelt med arbeid kvar 4.helg. 12 timars vakter laurdag og sundag, og under ferieavviklinga om sommaren.
Me søkjer etter miljøterapeut med bachelor i sosialfag eller psykologi til ein 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Ansvarsvakt
- Tilrettelegging for, og deltaking i, fysisk aktivitet
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialfagleg arbeid eller psykologi
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Interesse for fysisk aktivitet i behandling
- Sertifikat for bil
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for pasientgruppa
- Gode samarbeidsegenskapar
- Gode relasjonsferdighetar
- Gode kommunikasjonsferdighetar
- Raushet og godt humør
- Sjølvstende
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit svært trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Karianne Christensen, Funksjonsleiar, 52734353, karianne.christensen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 KOPERVIK
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4466816118
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 21.03.2022
Søknadsfrist: 30.01.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.