Sogndal folkehøgskule har ledig stilling som kokk eller kjøkkensjef i 100% fast stilling.
Sogndal folkehøgskule har fokus på berekraftig, økologisk og kortreist mat. Per i dag har me Debio bronse merke men me ønskjer å gå for sølv. Me har om lag 100 elevar som skal ha mat kvar dag. No søkjer me DEG som engasjert medarbeidar på laget!
Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 100 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Friluftsliv Noreg, Ski og sykkel, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.
Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.
Arbeidsoppgåvene er tilrettelegging av måltider, tilverking av mat, innkjøp og organisering av vaktplan.
Det er ynskjeleg med fagbrev kokk, og gjerne erfaring frå leiing. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Brenn du for økologisk mat, er glad i mange menneske rundt deg og i tillegg er punktleg, nøyaktig og eit stå på menneske?
Send inn ein søknad då vel!
Løn etter tariffavtale. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stillinga er ledig fom. 01. august 2020.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Renate Vik Vatlestad tlf 958 36 613
Send søknaden med CV til:
Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist er 14. juni
Om bedriften