Kontormedarbeider, Åseral barne- og ungdomsskule
Org. nr: 964 966 842 Stillingsident: 4380478880 Presentasjon av stillingen:
Fast stilling som kontormedarbeidar i 100%
Arbeidsoppgaver
Den som vert tilsett må ha interesse for merkantilt arbeid med fokus på bruk av dataverkty. Rolla som superbrukar for eininga sine fagprogram vil være eindel av arbeidsoppgåvene.
Ansvarleg for å kalle inn vikarar, kontering av løn og rekningar samt halde orden på timelistene til dei tilsette på skulen er også nokre av arbeidsoppgåvene. Kontormedarbeidar er ein viktig ressurs for drifta, for dei tilsette på skulen og for skuleleiinga, arbeidsoppgåvene vil variere.
Kvalifikasjoner
Fagbrev i kontorfag er ønskjeleg. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande fagbrev.
• Røynsle med merkantilt arbeid frå det offentlege
• Evne til å kombinere faglege kunnskapar med heilskapleg tenking
• Gode datakunnskapar.
Personlige egenskaper
- Du må ha evne til å samhandle og oppnå resultat i samarbeid med andre
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
• Spanande arbeidsoppgåver i ein utviklingsretta og lærande organisasjon
Kontaktinformasjon
Kenneth Hobbesland, Einingsleiar Åseral skule, 97128963
Arbeidssted
Gardsvegen 68
4540 Åseral
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommune
Referansenr.:4380478880
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2021
Om bedriften
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.