Sjukepleiar 100% fast, Område Stryn
Stryn Kommune
Myrane 18, 6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast, Område Stryn
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. november
Det er ledig sjukepleiarstilling i Eining for pleie- og omsorgstenester, område Stryn. Område Stryn har omsorgssenter med to institusjonsavdelingar og to avdelingar med omsorgsbustadar med heildøgnspleie. I tillegg har område Stryn avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp.
Stillinga som er ledig er på institusjon og er turnusarbeid.
Vi tilbyr fleksible arbeidstidsordningar.
Held du på med sjukepleiarutdanning?
Dersom du er under utdanning, kan vi tilby fast stilling etter fullført sjukepleiarutdanning. Du må då arbeide etter avtalt arbeidsplan i helgar, høgtider og feriar. Om du inngår ei slik arbeidsavtale, kan vi tilby stipendordning under utdanninga med 2 års bindingstid etter fullført utdanning.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som godkjent sjukepleiar
- God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å vise omsorg, empati og respekt
- Samarbeidsevne
- Datakunnskap
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tenester i utvikling
- Gode kollegaer
- God arbeidstidsordning for turnustilsette
- God pensjonsordning
- Fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Reidun Aven, Avdelingsleiar, 94828329Arbeidsstad
Myrane 186783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4870335266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Reidun Aven
Avdelingsleiar
94828329
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2763193
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45bb4a260bf54d3bb5e3beb2c2ce38f4