Vikariat for Lege i Spesialisering - Augeavdelinga
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost saman med Klinikk for Hovud/Hals (lokalisert i Sentralblokka), dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 pasientsenger. Her er både elektive innleggingar og Øh innleggingar. Augeavdelinga er lokalisert i eige bygg.
Det blir ledig vikariat for Lege i Spesialisering i 6 mnd ved Augeavdelinga frå 15.03.2019, med moglegheit for forlenging. Erfaring frå augeavdeling er ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Dei som blir tilsett vil gå inn i primærvakt som for tida er 8-delt, og det er rotering mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar)
- Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggjande og polikliniske pasientar
- Vedkommande må ta del i undervising av legestudentar og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon som lege og må ha gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi leggje vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt
- Vere ein god teamarbeidar
- Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
- Forskingsinteresse
Vi tilbyr
- Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
- Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode kollegaer!
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Frank Tore Jenssen, Avdelingsoverlege, 55974104/ 93422078, frank.jenssen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4028987730
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4028987730&company_id=53026&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.