Barne og ungdomsarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4435102642 Presentasjon av stillingen:
Me søker barne- og ungdomsarbeidarar som vil jobba i ein spennande barnehage med god kvalitet. I Kvernaland barnehage har me autoritative vaksne, og me treng fleire ansatte. Ein person i 100% fast stilling og ein person i 20% stilling. Barnehagen vart bygd i 2011. Fleire av personalet har vore med frå starten, og har vore med på å forma barnehagen og det fysiske miljøet. Me har ein barnehage som bidrar til trivsel og glede i leik og læring. Det fysiske miljøet er utfordrande og ein trygt stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremjer bevegelsesglede, gir allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me legg vekt på ei god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile.
Arbeidsoppgåver
- Vera ein trygg og varm omsorgsperson og rollemodell for barna
- Planlegga, gjennomføra og delta i pedagogiske aktivitetar med barn; som leik og fysisk aktivitet, samlingsstund, gruppeaktivitetar, språkgrupper, uteleik, turer med meir
- Gi kvart enkelt barn og barnegruppa den merksemda og hjelpa dei har behov for i kvardagen
- Bidra til et godt samarbeid med barna sine foreldre
- Ta medansvar for heilskapen i barnehagen gjennom å ta del i det praktiske arbeidet, delta aktivt på møte og planleggingsdager, ta imot rettleiing og opplæring
- Halda deg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Avlagt norskprøve på nivå B1 på deltprøven i skriftlig framstilling, og B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Beherska PC som verktøy
- God helse er ein føresetnad for leik og samspel med barn
- Politiattest må leggast fram før tilsetting, ikkje eldre enn tre månadar
- Me legg vekt på at du er eigna for stillinga
Personlege eigenskapar
- Du er ein autoritativ vaksen
- Utviser stort engasjement og glede med å arbeida med barn
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har stor fleksibilitet og høg arbeidskapasitet
- Er ein feflektert og trygg fagperson
- Har evne til å sjå, og ivareta, det enkelte barnet, og barnegruppa sitt behov
- Er god til å kommunisera med barn, foreldre og kollegaar
- Er endringsvillig og sjølvstendig
Me tilbyr
Opplæring, kompetanseheving og rettleiing innafor satsningsområda våre. Me tilbyr ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø. Konkurransedyktig lønn.
Kommunale tilsettingsvilkår og pensjonsordning
Contacts
Maria Tjaum Eimstad, Styrar, 920 67 554
Location
Holmebakken 45
4355 Kvernaland
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Time kommune
Reference number:4435102642
Percentage of full-time: 100%
Start date: 01.12.2021
Application deadline: 19.10.2021
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.