Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Åsebøen 1, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Er du klar for ei ny og spennande utfordring?
Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig 100% fast stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Bli ein del av vårt dynamiske team på ca. 18 årsverk, der du vil jobbe med saksbehandling, brukarstøtte og reiseplanlegging. Kvart år planlegg og utfører vi 220.000 rekvirerte transportar langs veg og i lufta. Du vil få moglegheita til å rettleie pasientar, rekvirentar og transportørar i systembruk, rettar og regelverk.
Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Arbeidsoppgåver
- Fagleg, god og omsorgsfull forvaltning av pasientrettar
- Rettleiing, innhenting av informasjon og saksbehandling
- Brukarstøtte, rekvisisjonsbehandling, reiseplanlegging og opplæring
- Koordinering og oppfølging av transportar og transportørar
- Aktiv deltakelse i forbetringsarbeidet i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God meistring av digitale kontorstøtteverktøy
- Sosialt anlagt, trivast med relasjonsbygging og trygg i møte nye menneske
- Fullført vidaregåande utdanning
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt og sjølvgåande
- Du har evne til å meistre stress og vanskelege situasjonar
- Du er målretta og ansvarsfull, med eit sterkt ynskje om å lykkast
- Du opplever kvardagen med pasienttransport interessant og givande
- Du tar medansvar for eigen fagleg utvikling
Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Tore Paulsen, Avdelingssjef, +47 90085217, Tore.Paulsen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsebøen 16017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4887867744
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2798475
- Hentet fra
talentech
- Referanse
869bbaefe762402182acb111caae142e