Miljøterapeut inntil 100 % mellombels stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Sykkylven ungdomskule og opplæringssenter, Sykkylven kommune
sykkylven ungdomsskule, 6230 Sykkylven
Org. nr: - Stillingsident: 4197307680 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % mellombels stilling for miljøterapeut i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021.
Stillinga følgjer skuleruta (fri når elevane har fri), noko som inneber 11 % redusert lønn.
Stillinga er primært knytt til arbeid med elevar med særskilde behov.
Menn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Sykkylven ungdomsskule har rundt 300 elevar og 45 tilsette. På Sykkylven ungdomsskule skal alle elevar føle seg verdsett og respektert. Dei skal vere aktive deltakarar i ein skule der dei lærer å ta ansvar og oppleve meistring. Elevane skal utvikle evnene sine sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Sykkylven ungdomsskule:
- Har eit godt og inkluderende skulemiljø med høg trivsel blant elevar og lærarar
- Har et høgt utdanna og utviklingsorientert personale
- Praksisskule for studentar
- MOT-skule
- Har Chromebook 1:1
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med elevar med særskilde behov.
Stillinga krev eit nært samarbeid med skulen sitt øvrige fagpersonale.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning som t.d. sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar m.v
- Praksis frå liknande arbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Vi ønskjer ein trygg vaksenperson med faglege kvalifikasjonar for arbeid med elevar med særskilte behov.
- Du må ha evne til å oppnå god kontakt og motivere målgruppa.
- Du må vere positiv og entusiastisk, sjølv i vanskelege situasjonar.
- Du må ta initiativ og ha idear til for eksempel praktiske opplegg. Du må her kunne initiere og følgje opp ulike læringsaktivitetar som ikkje naturleg fell innafor vanleg klasseundervisning, til dømes praktisk retta læring.
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Randi Løseth Aasen, Rektor, 70254900, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
sykkylven ungdomsskule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4197307680
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sykkylven ungdomskule og opplæringssenter, Sykkylven kommune
Adresse
Aure, 6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4197307680_Sykkylven ungdomskule og opplæringssenter, Sykkylven kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 4bbf5434-341f-43c0-9534-3c67d654a3e8