Fast 60% stilling som sjukepleiar/annan relevant høgskuleutdanning - Bømlo bu og helsesenter
Bømlo bu og helsesenter har ledig ei fast 60% stilling som sjukepleiar/annan relevant høgskuleutdanning. Mglegheit for auke av stilling som fylgje av årsturnus. Bømlo bu og helsesenter har to langtidsavdelingar og ein korttid og rehabiliteringsavdeling. Den ledige stillinga er ved den eine langtidsavdelinga. Ved BBH er me oppteken av å gi pasientane gode dagar, med høg fagleg kvalitet og evne til å sjå den enkelte sine behov. Me vil at tilsette skal halde seg fagleg oppdatert, og bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid, og eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Bachelor i sjukepleie eller andre med relevant høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel, strukturert og målretta
- Gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner
- Raus, engasjert og løysingsorientert
Me kan tilby:
- Ein aktiv og trygg arbeidsplass
- Varierande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg fokus
- Gode kollega
Generelt:
- Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Kontaktperson: Avd.leiar Kristina Tolås - 53 42 32 12