Teknikar/ ingeniør tele og signal
Org. nr: - Stillingsident: 4102528144 Presentasjon av stillingen:
Helse Vest IKT søkjer teknikar/ ingeniør til arbeid med service og vedlikehald på Helse Vest sitt telefoni, audio/video og pasientvarslingsutstyr. Du vil gå inn i ein seksjon med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Arbeidsstad: Førde, noko reising til sjukehus innan Helse Førde må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av tele, audio, video og pasientvarsling installasjonar.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- Fordele oppdrag internt i seksjonen
- Stillinga kan inngå i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald av pasientvarslingsanlegg.
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald av telefoni og audio-/videoanlegg.
- Ynskjeleg med fagbrev innan svakstrøm og/eller tele.
- Ynskjeleg med førarkort klasse B.
- Du er kjent og komfortabel med data som arbeidsverktøy.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg.
Utdanningsretning
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, initiativrik, resultat- og målorientert.
- Du arbeider sjølvstendig.
- Du er løysningsorientert.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du arbeider godt i team.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Interessante oppgåver med moglegheit til fagleg og personlig utvikling, vere med å forme framtidsretta IKT-løysingar innan helse og å bidra innan lokale og regionale prosjekt.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Godt sosialt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettigheter.
Kontaktinformasjon
John Arne Lillestøl, Seksjonsleiar, (+47) 93024959
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4102528144
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 28.07.2019