Lærling - kontorfag
Me søkjer:
Lærling i kontorfag med oppstart 16.08.2021.
Lærlingeperioden varer frå 16.08.2021 - 15.08.2023.
Hovudarbeidsoppgåver
Å jobba i kommunen er å jobba med folk. Me følgjer innbyggjarane frå vogge til grav, i alle delar av livet. Som lærling i kontorfaget får du jobba med eit bredt felt av oppgåver hos oss, økonomi, løn, ulike sekretærfunksjonar, ikt og politisk møtehandsaming. Her får du sjansen til utvikling og spennande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Fullført teoretisk utdanning innan fagfeltet.
Andre opplysningar
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer ein positiv, engasjert og iniativrik person som har interesse og motivasjon for fagfeltet.
- Me legg vekt på at du er punktleg og har gode samarbeidsevner.
- Du må lika å vera i samtale med brukarar og kollegaer.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.