Ferievikariat sommaren 2021 sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4305303398 Presentasjon av stillingen:
Er du sjukepleiar på jakt etter sommarjobb? Likar du action og høg aktivitet? Eller er du meir opptatt av samtale og miljøterapi? Syns du beinbrot og operasjonssår er spennande? Eller likar du medisinsk detektivarbeid?
Uansett kva utfordringar du likar best, har vi jobben for deg!
Stord sjukehus trenger engasjerte medarbeidere for sommeren 2021 med gode muligheter for videre ansettelse.
I Helse Fonna jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Du er aldri aleine på jobb, og vi har gode støttefunksjonar. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; praktiske prosedyrar, utgreiing, testing, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
Vi søkjer sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i sommarperioden som er veke 25-33.
Skriv i søknaden kva einingar du ønsker å jobbe ved, skriv i prioritert rekkefølgje kor du helst kan tenke deg å vere:
- Akuttmedisinsk avdeling
- Kirurgisk avdeling
- Medisinsk avdeling
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Stillingsstorleik etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og pleie.
- Du får nytte dei kunnskapane som ligg i sjukepleiarfaget
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Søkjarar med erfaring frå sjukehus og pasientpleie vil bli prioriterte.
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Praktisk
- Sjølvstendig
- Ha respekt for den enkelte pasienten
- Serviceinnstilt.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Tina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar, 90606423
Sunniva Austlid, Seksjonsleiar, 90096097
Aud Lisa Kjøl, Seksjonsleiar
Arbeidsstad
Tyseveien 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4305303398
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.05.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.