Musikk- og kulturskulelærar
Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4197219032 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein allsidig ressurs.
Likar du å jobbe sjølvstendig og kreativt så er dette staden for deg.
Hos oss er du med å utvikle kulturtilbodet til barn og unge, med hovudvekt på barn i alderen 6-13 år. Vi har to kulturhus, Bykle Samfunnshus og Hovden Grendehus. Vi har tilgang på lyd, lys, gode scenar, band- og undervisningslokale. Kulturskulen gir undervisning både på Hovden og i Bykle og fungerer som ressurssenter for musikk og kultur i Bykle kommune.
Kultur og fritid har 12 tilsette. Desse har ansvar for kulturskule, ungdomsarbeid, kulturhus og ulike arrangement i løpet av året. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø der den enkelte kan vere med på å forme tilboda vi skal levere.
Arbeidsoppgåver
Time- og gruppe-undervisning i kulturskulen: Band, gitar/bass, laptop.
Anna undervisning ut i frå kompetanse.
Musikkundervisning i barne- og ungdomskule.
Kulturformidling i kulturskulen og i lokalsamfunnet.
UKM - Bidra til rekruttering og praktisk arbeid i forbindelse med arrangementet.
Lydteknikk/musikkproduksjon.
Kvalifikasjonar
Minimum 3- årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
Undervisningskompetanse
Gjerne relevant erfaring frå arbeid med barn og unge.
God i norsk munnleg og skriftleg
God kjennskap til digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Evne og engasjement til å jobbe med elevane våre.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kunne jobbe sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar etter tariff
Rekrutteringstillegg kr 40 000 i tre år for søkjarar med godkjent utdanning.
Hjelp til å skaffe bustad
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Helga Jacobsen, Tenesteleiar, 452 73 218
Arbeidsstad
Sarvsvegen 18
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Bykle kommune
Referansenr.:4197219032
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette