Ferievikarar i Måløy, Helse og velferd
Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 22.06.2020 - 23.08.2020, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato – til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Kulatoppen, 2 Legekontor). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden.
Kvalifikasjonar
- autoriserte sjukepleiarar/studentar
- autoriserte vernepleiarar/studentar
- autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
- kokkar/elevar
- andre med interesse for arbeidsfelta
- legesekretær
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du må vere fylt 18 år (17 år på institusjon) og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest
Vi tilbyr
-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker
-God opplæring for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell
-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.
Om bedriften
Kinn kommune har i media blitt omtala som «Noregs raraste kommune».
Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje delar kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot.
Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon.
Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.
Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar.
Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om «tidenes kompetanseløft».
Kinn er ein kommune med delt kommunesenter.
Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.