Oppvartarar og barkeeper
Er du ein av våre hemmelege og dyktige oppvartarar? I så fall vil me ha med deg med i eit hemmeleg restaurantkonsept på Bryne. Me treng både servitører og barhjelp i både heile og halve stillingar.
Du må villa tenka utanfor boksen og ha eit ynskje om å pressa grenser for å skape eit triveleg miljø.
Me vil servera ekte og skikkelig mat og tilby opplevingar utover god mat og drikke.
Me etablerer oss i løpet av våren 2019.
Om bedriften
Hemmeleg skal væra ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me vil servera ærleg og ekte mat på skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.