Miljøterapeutar / Vernepleiarar - 100 faste stillingar
Stillingsannonsen er inaktiv.Pleie og omsorg
6740 Selje
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
VERNEPLEIARAR OG MILJØTERAPEUTAR
Selje kommune har ledige stillingar for tida i heimetenestene Stadlandet og Selje.
Tenestene har heildøgns drift, og består av:
omsorgsbustadar for unge vaksne på Stadlandet og i Selje, og ein avlastningsbustad for born/unge på Stadlandet med drift hovudsaklig på helg. I tillegg yt vi også tenester til heimebuande brukarar.
Brukargruppa er samansett av personar med ulike funksjonsutfordringar, forskjellig alder og livssituasjon.
Det overordna målet for tenesta er å bidra til at brukarane oppnår høgast grad av livskvalitet.
Frå 1. januar 2020 skal kommunane Eid og Selje slåast saman til Stad kommune, som blir ein organisasjon med om lag 700 årsverk og 10 000 innbyggjarar. I omstillingsperioden vil det bli endringar i høve organisering.
Vi har no ledig:
¿ 3 faste 100 % stillingar som vernepleiarar/miljøterapeutar; den eine ledig frå d.d, dei andre er ledig frå august/september.
Arbeidsoppgåver:
¿ Vernepleiar har rolle som koordinator ovanfor tenestemottakarane
¿ Ansvar for å planlegge, legge til rette og gjennomføre metodisk og målretta miljøterapeutisk arbeid som del av eit kollegium av miljøpersonale
¿ Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester
¿ Planlegge, iverksette og følgje opp ulike tiltak
¿ Medverke til å utvikle plana, rutinar og prosedyrar
¿ Sikre at arbeidet vert utført i samsvar med lovverk, forskrift, prosedyrar, instruksar og etiske/faglege prinsipp
Kvalifikasjonar:
¿ Vernepleiarutdanning, eller anna relevant helse-og sosialfagleg høgskuleutdanning (jmf.Krav i Helse og omsorgstenestelova kap.9)
¿ Relevant arbeidserfaring
¿ Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
¿ Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
¿ Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
¿ Evne til å handtere utfordrande åtferd over tid
¿ Gode samarbeidsevner, kjennskap til lovverk om bruk av tvang/makt
¿ God fagleg haldning
¿ Er ansvarsfull og har genuin interesse for menneske
¿ Trivast med å arbeide saman med andre mor eit felles mål
Vi kan tilby:
¿ Ein framtidsretta arbeidsplass med fokus på utvikling og mestring.
¿ Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
¿ Godt og nært fagleg miljø
¿ Ei avdeling med fagleg fokus og utfordringar
¿ Høve til fagleg utvikling
¿ Årsarbeidsplan, med moglegheit for lange vakter og å komme med ynskjer
¿ Gode pensjons- og forsikringsordningar
Selje kommune har 6 månadar prøvetid.
For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med tenesteleiar Åshild Bruland på tlf: 97990462 (Stadlandet) og/eller Sabine Ben Boukara (Selje) på tlf: 90563047 epost: ashild.bruland@selje.kommune.no, sabine.ben.boukara@selje.kommune.no
Du søkjer elektronisk via lenkja i denne annonsen.
Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar samt referansar vert lasta opp i PDF saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Søknadsfrist: 20.05.19
Aktuelle søkjarar vil verte innkalla til intervju
Vi gjer merksam på at etter §25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Tlf: +47 97990462, Epost: ashild.bruland@selje.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Pleie og omsorg
Adresse
6740 Selje
Om stillingen
Antall stillinger
3
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2289855dep137989_Pleie og omsorg_stepstone
Stillingsnummer: 4a36b76a-0de5-4ee9-9312-18754a281481