Vitskapleg assistent
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
To stillingar som vitskapleg assistent
Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig to stillingar som vitskapleg assistent frå 9. august 2021 til 31.mai 2022. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
- Vere undervisningsassistent på emne på 100- og 200-nivå i haustsemesteret 2021 og vårsemesteret 2022, tilpassa utdanningsbakgrunn til den som får stillinga. Dei to som vert tilsett må til saman i størst mogleg grad dekke emne innan både samfunn- , natur- og miljøgeografi.
- Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk. Kommentere obligatoriske oppgåver.
- Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane. Planlegge og gjennomføre rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular.
- Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i geografi
- God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
- God administrativ IT-kompetanse
- Relevant arbeidserfaring vil vere ei føremonn. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrja av semesteret
- Evne til å arbeide systematisk
- Resultatorientert og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og arbeidsvillig
- Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl. 17.515/1020) Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 458 900,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)
Søknadsfrist: 25. mai 2021 Søknaden skal merkast 2021/6210
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder Peter Andersen, e-post: Peter.Andersen@uib.no eller tlf.: 55 58 30 63, eller studiekonsulent Kristen Steiner; Kristen.Steiner@uib.no eller tlf.: 55 58 90 31
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.