Seksjonsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6807 Førde
Org. nr: - Stillingsident: 4189588141 Presentasjon av stillingen:
Mikrobiologisk avdeling har berre ein seksjon (Mikrobiologisk laboratorium), med tre einingar; serologisk, bakteriologisk og molekylærbiologisk.
Avdelinga har totalt 24 tilsette,3 overlegar, 18 bioingeniørar/ avdelingsingeniørar og 3 sekretærar.
Vi er akkrediterte etter NS-EN ISO 15189.
Avdelingssjef er seksjonsleiar sin næraste overordna.
Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig anna stilling som bioingeniør i avdelinga. Dersom du er interessert, skriv du dette i søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har det daglege driftsansvaret for seksjonen
- Seksjonleiar skal styre og utvikle seksjonen innanfor fag-, økonomi- og personalområdet
- Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå
- Fordel med erfaring frå medisinsk laboratorium
- Erfaring/utdanning innan leiiing vil bli vektlagt
- God IT kunnskap er ønskeleg
- Må meistre norsk for skriftleg og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert og fleksibel
- Evne til å motivere medarbeidarar til utvikling og endring
Vi tilbyr
- Utfordringar og ansvarsfulle oppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Det vil vere overlapping, i ein periode, mellom noverande seksjonsleiar og den nytilsette, dersom tilsetjing skjer før sommaren
- Sjukehuset vil kunne hjelpe til med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Reidar Hjetland, Avdelingssjef, 578 39349
Torill Aarø, Seksjonsleiar, 578 31554
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6807 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4189588141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde
Adresse
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. februar 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4189588141_Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde_webcruiter
Stillingsnummer: 49928369-e833-42c6-9f74-06a44dff2861