Rektor Vågåmo skule
I Vågå kommune er det frå 01.08.2020 ledig stilling som rektor ved Vågåmo skule.
Vågåmo skule er ein 1-7-skule med om lag 225 elevar frå skuleåret 2020-2021. Personalet består av rundt 41 medarbeidarar fordelt på 35 årsverk. Administrasjonsressursen ved skulen er 200%. I dag er denne fordelt på 100% rektor og 100% assisterande rektor. I tillegg har ein merkantil ressurs på 70%. Skulen har ein godt kvalifisert og engasjert stab av lærarar og fagarbeidarar. Skulen er organisert i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga arbeider med pedagogisk utviklingsarbeid. Skulen var nyrenovert i 2011 og er eit moderne skulebygg. I nærområdet har vi idrettshall og kulturhus. Ny svømmehall er under planlegging. Er du klar for utfordring og utvikling?
Vi søker ein engasjert rektor som vil vera med på å vidareutvikle Vågåskulen.
Våre overordna mål er:
- Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
- Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Satsingsområde i Vågåskulen:
- Det har gjennom fleire år vore sterk satsing på bruk av IKT i skulen i Vågå, og alle elevar på 3.-7. steg har eigen PC.
- Tidleg innsats
- Forpliktande samarbeid heim/skule
- Fysisk aktiv læring (FAL)
Arbeidsoppgåver:
- Organisering av skulen og skulen sitt arbeid
- Arbeidsgjevaroppgåver og oppfølging av personale
- Økonomistyring
- Pedagogisk leiing
- Ansvar for elevresultat
- Ansvar for psykososialt miljø
- Sikre godt samarbeid mellom heim og skule
- Delta på FAU-møte og leie samarbeidsutval og skulemiljøutval
- Ansvarleg for årsmelding og andre rapportar om skulen til kommunen si administrative og politiske leiing
- Saksbehandlingsoppgåver innanfor definerte område
- HMS-ansvar
- Beredskapsansvarleg for skulen
Kvalifikasjonar:
- Pedagogisk kompetanse
- Erfaring frå skuleverket
- Leiarutdanning, gjerne skuleleiarutdanning og/eller erfaring frå leiing og skuleutvikling
- Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
Vi søker etter ein leiar som:
- Har god kommunikasjonsevne og relasjonskompetanse
- Er tydeleg og har gjennomføringsevne
- Er ein samlande og trygg leiar som ivaretek medverknad og sikrar iverksetting av interne og overordna styringsdokument
- Er oppteken av kvalitet og tverrfagleg innsats til eleven sitt beste
- Kan motivere tilsette, elevar og føresette til å skape ein god kultur for læring for eit felles kunnskapsløft
- Har godt humør og stort pågangsmot
Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte:
Helen Øygarden, kommunalsjef barnehage og utdanning, tlf. 911 94130, e-post: helen.oygarden@vaga.kommune.no
Dag Nyøygard -- konstituert rektor Vågåmo skule. Tlf. 61 29 38 00/95 05 72 83, e-post dag.nyoygard@vagaskulane.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Søknadsfrist: 15.03.2020.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.