Sommarvikar Etne og Skånevik legekontor, 70-100%
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
Helse og sosial
Har du lyst til å jobbe som sommarvikar på legekontor i Etne kommune? Etne og Skånevik legekontor treng sommarvikar for hjelpepersonal, og søkjer deg som har ei fagutdanning som helsesekretær, sjukepleiar eller sjukepleiarstudent. Me har dyktige fastlegar og tilsette på legekontora med lang og god erfaring. Du som får sommarjobb vil få god opplæring på førehand.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgavene ved legekontoret rullerer, og den som blir tilsatt må mellom anna kunne betene resepsjonen, utføre arbeid på
laboratoriet, førestå merkantile rutiner og bistå i forbindelse med pasientbehandling mm
kompetanse:
- Sjukepleiar
- Helsesekretær
- Anna relevant fagutdanning og/eller fullført 2. året på Bachelor sjukepleie
- Erfaring frå legekontor er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig i ein travel arbeidskvardag. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert
Annan informasjon
- Du må framvise politiattest utan merknader
- Ved arbeid i skule/barnehage eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen
- Om du søkjer sommarjobb på meir enn ein arbeidsstad i kommunen, og korleis du ynskjer å prioritera
- Perioden du kan arbeida - frå/til dato. Søkjarar som kan arbeide 5 veker eller meir, vert prioritert.
- Førarkort kl B er ein fordel
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mars 2020
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?812/2020-SONFRA
Stillingsnummer: 497f6ff9-8e6a-400a-b13c-3ddfe660e5ae