Årsengasjement som sakshandsamar/kontorstøtte i eigedom - ei stilling i 100%
Org. nr: 99999 Stillingsident: 4160206740 Presentasjon av stillingen:
Kystverket har mange eigedomar og eigedomsforhold langs norskekysten. Kystverket sitt Senter for eigedom og kultur har ansvar for utføring av oppgåver, rådgiving og rettleiing knytta til etatens eigedomsforvaltning. I samband med overføring av statlege fiskerihamner til fylkeskommunene frå 1. januar 2020 og anna avhendingsarbeid av ikkje-næringsaktive fiskerihamner, er det ledig ei engasjementstilling som førstekonsulent ved avdelinga i perioden 1.januar 2020 til 31. desember 2020. Stillinga er for tida ved Kystverket sitt regionkontor i Arendal.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til sal og avhending av eigedom
- Arbeid knytt til overføring av dei statlege fiskerihamnane til fylkeskommunane
- Kontorstøtte og sakshandsaming knytt til eigedomssakar
- Arbeid knytt til opprydding og strukturering av Kystverket si eigedomsportefølje
- Arkiv- og digitaliseringsarbeid
- Registrerings- og kvalitetssikringsarbeid
- Andre oppgåver kan tilleggast stillinga
Kvalifikasjonar
- 2 årig høgere utdanning i juridiske fag, innan eigedomsfag, arkivfag eller kontorfag, eller andre relevant fag
- Nyutdanna kan søkje, men det vil leggast særleg vekt på erfaring med relevant arbeid med grunneigedomer, salsarbeid knytta til eigedom, dokument- og arkivarbeid o.l.
- Gode kunnskaper i norsk munnleg og skriftleg
- God kunnskap om bruk av Word, Excel, E-phorte/Elements er ein fordel
- Relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og strukturert
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Varierte og utfordrande oppgåver
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
- Fleksibel arbeidstid
Stillinga vert lønna som 1408 førstekonsulent, ltr 52-58. frå brutto kr 464 000 til brutto kr 513 600.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss
Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta.
Til orientering
Det kan vere interne søkjarar til stillinga
Kontaktinformasjon
Christian Tallberg, Fung. avdelingsleiar, 92412645, christian.tallberg@kystverket.no
Arbeidsstad
Kystveien 30
4841 Arendal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4160206740
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 18.12.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.