Sjukepleiar ved Bremanger sjukeheim
Ved Bremanger sjukeheim i Kalvåg er det ledig fast 100% stilling som sjukepleiar frå snarast.
Bremanger sjukeheim har 35 einerom fordelt på 3 bugrupper. Ei av bugruppene er spesielt tilrettelagt for personar med demens. Vi har også eit eige lindrande rom.
Vi søkjer etter personar som:
- er offentleg godkjente sjukepleiarar, gjerne og med relevant vidareutdanning.
- har god samarbeidsevne og er gode på teamarbeid.
Bremanger sjukeheim har fleksibel turnusordning/årsturnus, der dei tilsette i stor grad er med og påverkar når dei skal jobbe.
Turnusen er tredelt, med dag, kveld og nattevakter. Det vil også vere nokre heimevakter på natt.
Den som vert tilsett må:
- legge fram politiattest av nyare dato.
- kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.
Bremanger kommune:
- Lønnar alle sjukepleiarar 25 000 kroner over minsteløn.
- Har god pensjonsordning og heildøgns forsikring.
- Kan hjelpe til å skaffe bustad og barnehageplass.
- Gjev utfordrande, variert og sjølvstendig arbeid.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anne Karin Svarstad, Mobil +47 95 98 29 44, Epost: aks@bremanger.kommune.no
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informansjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no