Sjukepleiarar, ledig 4 faste stillingar i 100 % kirurgisk sengepost
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4438686418 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 4 faste 100 % stillingar for sjukepleiarar ved Voss sjukehus, kirurgisk sengepost, med pleie for pasientar innanfor generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Stillingane er ledig frå 17.01.2022.
Det er per i dag 3-delt turnus og arbeid kvar 3. helg ved avdelinga.
Litt om sjukehuset:
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.
Vi har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset. Voss sjukehus har hatt ein stor aktivitetsvekst og ønsker å fortsette den positive utviklinga.
Litt om Voss:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Yte omsorg for pasient og pårørande
- Observasjon og oppfølging av inneliggande pasientar
- Kontakt med pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring som sjukepleiar
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Education Level
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinkomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Ruth Veen Tveito, Avdelingssjukepleiar, 56533500
Location
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Bergen
Reference number:4438686418
Percentage of full-time: 100%
Fast
Start date: 17.01.2022
Application deadline: 25.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.