Rådgjevar
Rådgjevar på bygdeutvikling
Frå 01.06.20 er det ledig 100% fast stilling som rådgjevar på tenesteområde bygdeutvikling.
Det er ei variert stilling med mange oppgåver.
Det viktigaste arbeidsfelte i dag er byggesak, forvaltning av tilskotsordningar i landbruket og service/publikumskontakt.
Byggesaksbehandling:
" Byggesaker (delegasjonssaker og saker for LMT-utvalet)
" Dispensasjonar
" Klagesaker
Forvaltning av tilskotsordningane m.m. i landbruket:
" Produksjonstilskot (areal- og kulturlandskapstilskot og tilskot til husdyr)
" Avløysartilskot ferie/fritid
" RMP-midlar
" Refusjon av avløysarutgifter ved sjukdom/fødsel
" Godkjenning av nytt beiteareal/nydyrking for oppdatering av gardskart
" Informasjon til bøndene
Andre arbeidsoppgåver:
" Oppgåver for å ivareta informasjonsflyten internt
" Informasjon ut etter førespurnad (Infolandbestillingar)
" Fakturering av handsamingsgebyr i byggesaker
" Publikumskontakt
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein person med utdanning på bachelornivå.
Det vil bli lagt vekt på den tilsette sine interesser, utdanning og erfaring.
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.