Fagkonsulent
Org. nr: - Stillingsident: 4263001468 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig vikariat i 100 % stilling som fagkonsulent i vårt team AAT Nordmøre frå 01.09.20 til 31.03.21. Stillinga inneber turnusarbeid.
Seksjon for ambulante tenester psykisk helse NR består av 4 team; to FACT team og to ambulante akutt team (AAT). FACT Nordmøre og AAT Nordmøre har base ved Nordlandet DPS i Kristiansund, mens FACT Romsdal og AAT Romsdal har base ved Knausen DPS i Molde.
Ambulante Akutt Team (AAT) er eit lavterskal tverrfagleg behandlingstilbod der ein gjer akutt psykisk helsehjelp til personer over 18 år. AAT teamet gir akutt psykisk helsehjelp til personar over 18 år. Det er eit lavterskeltilbod der personen sjøl eller pårørande kan ta direkte kontakt. Fastlegar/ kommunevaktlegar henviser òg til teamet. Etter vurdering kan det bli gitt støttesamtalar, ev kortare oppfølging. Om nødvendig blir det vist til andre behandlingstilbod i helseføretaket, eller tilbod på kommunalt nivå.
FACT teamet er eit tverrfagleg oppfølgingsteam for mennesker med langvarige, alvorlege og samansette psykiske lidelser, der ein tilstreber å følgje fidelityskalaen og nasjonale retningslinjer for psykosebehandling. Det er eit tett samarbeid både internt i psykisk helsevern og med kommunane (sjå Helsedirektoratet si handbok for FACT team for ytterligere informasjon).
Arbeidsoppgåver
- Akuttvurdering av pasientar, både ambulant og poliklinisk
- Kortvarig oppfølging
- Bistå ved akuttinnleggelser
- Beslutningsstøtte til andre instansar (legevakt, AMK og ambulanse)
- Samhandling med andre aktører, både internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- 3--årig høgskule i helse- og/ eller sosialfag
- Relevant vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rusbehandling er ønskeleg
- Anna relevant utdanning kan vurderast
- Erfaring frå og interesse for ambulant arbeid vektlegges
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du er nytenkande, endringsorientert og positiv
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre si kompetanse
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne og trives med å arbeide i team
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og fokus på kontinuerlig forbedring
- Internundervisning og tilrettelegging for fagleg utvikling
- Eit triveleg og utfordrande miljø med engasjerte og erfarne medarbeidarar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Tor Martin Stølan, Konst. seksjonsleiar, 941 64 915, Tor.Martin.Stolan@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kristiansund
6516 Kristiansund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4263001468
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2020
Sluttdato: 31.03.2021
Søknadsfrist: 23.07.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal