Faggruppeleiar for trafikkstyring, Vegtrafikksentralen, Bergen
Jobbnorge ID: 167008
Vegtrafikksentralen
Vegtrafikksentralen vest er ein av fem vegtrafikksentralar i Noreg. Vi har m.a ansvar for trafikkovervåking og styring, samt ansvar for veginformasjon, herunder telefontenesten på nr 175. Vegtrafikksentralen er ein del av Statens vegvesen sin operative beredskapseining og dekker det geografisk ansvarsområdet i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Vegtrafikksentralen er bemannet 24/7.
Ansvarsområde
Dei viktigaste oppgåvene til faggruppa er døgnkontinuerlig styring- og overvaking av vegnettet, vegtrafikken og miljøet rundt vegnettet. Ved hendingar skal VTS ta ansvar og setje i gong naudsynte tiltak. Dette inneber utstrakt bruk av dataverkty herunder fjernstyring av tekniske installasjonar og handsaming av tekniske alarmar i scadasystem.
Oppgåver og ansvar til faggruppeleiar
- Personal - og fagansvar for 13 operatørar
- Ansvar for bemanning, turnusplan og oppfølging av lønn
- Vere fagleg oppdatert og ein pådrivar i utviklinga av handtering av trafikale hendingar
- Kontakt og samhandling med media, nødetatar og entreprenørar
- Delta i ulike prosjekt knytt til overvaking, styring - og hendingshandtering på VTS, både internt og ut mot eksterne samarbeidspartar
- Ivareta det operative fagansvar inn mot VTS sine tekniske system, herunder oppfølging av tekniske alarmar og feilalarmar på sikkerhetsutstyr i tunnelane i samarbeid med prosjektoppfølgar
- Delta i videreutvikling av Scadasystemet
- Faggruppeleiar skal også kunne ta del i operativ drift ved krise
Dette ønsker vi oss
I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du
- kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
- jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg
Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.
Kvalifikasjonskrav
Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Vi krev relevant erfaring fra operativ drift, førerkort kl. B, samt godkjent sikkerhetsklarering, eller at slik kan gis.
Vi vektlegg at du har:
- leiar - og/eller koordinatorerfaring
- evner å løyse dine oppgaver på ein strukturert og systematisk måte
- evne til tydelig og effektiv kommunikasjon, stundom under stressa eller i kritiske situasjonar
- god norsk munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- relevant erfaring frå trafikk- og samferdselsområdet
- god forståelse for og erfaring med elektroniske styringssystem
- høg IT brukarkompetanse
For å lukkast i stillinga vil det vere ein fordel med leiarerfaring, i tillegg til kompetanse på regelverk rundt turnusarbeid og utarbeidelse av turnusplaner. Du må vere beslutningsdyktig og evne til å handtere mange arbeidsoppgåver samstundes.
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr:
- Utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
- Fleksitid og gode ordningar for avspasering
- Pensjonsordning og moglegheit til lån i Statens pensjonskasse
- Løna blir avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktperson
Seksjonsleiar Cecilie Bakke Johannessen tlf. 992 03 219
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med
ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.
Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.