Miljøarbeidar 50%
Org. nr: - Stillingsident: 4178268207 Presentasjon av stillingen:
Haugen bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Bufellesskapet har døgnbemanning og dei tilsette har ulik fagbakgrunn. No søkjer me etter ein ny medarbeidar til stilling som miljøarbeidar. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Me vil gjere søkjarar merksam på at, dersom me får søkjarar med fortrinnsrett etter aml §14-3, kan andre stillingsstorleikar verte ledig.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg pleie, omsorg og behandling av brukarane
- Bistå med daglege aktivitetar og gjeremål
- Miljøarbeid i bustad, på dagsenteret og på fritidsaktiviteter
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Søkjarar under utdanning - eller assistent, vert vurdert for tilsetjing, dersom ein ikkje lukkast få kvalifiserte søkjarar
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggande datakunnskap
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jfr. lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Engasjert og deltakande i personalgruppa
- Har evne til nytenking, er utviklings- og løysingsorientert
- Er fleksibel og evnar å jobba målretta og strukturert
- Har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheter
- Positiv til nye utfordrinag og endringar
- Ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 50%
- Løn etter regulativ
- Eit utfordrande, godt og meiningsfult arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Avdelingsleder, 975 89 023, Irene.Rossland.matre@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 53 43 70 65, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Haugen Bufellesskap
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4178268207
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.01.2020
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 30.01.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.