Vertar og formidlarar til sommersesongen 2022
Publikumsvert på Brudavolltunet i Ørsta og Sivert Aarflot museet i Volda
Søker vert som tek imot publikum, sel billettar, held omvisingar og ordnar aktivitetar i hus og utstillingar. Noko reinhald følgjer med.
Omfang: Onsdagar og torsdagar i vekene 29, 30 og 31. I tillegg grasklipping 2-3 timar per veke, i vekene 21-34.
To museumsformidlarar på Sunnmøre museum og Fiskerimuseet i Ålesund
Søker formidlarar som skal møte publikum i historiske kostymer og i roller, i hus og tun. Formidlarane skal leie og legge til rette for aktivitetar, halde omvisingar og utføre diverse arbeid knytt til husa eller sjøbuene.
Omfang: To fulle stillingar i til saman tre veker, i perioden 24. juni til 21. august.
Helgeomvisarar og heilårs tilkallingsvikarar til Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund
Søker formidlarar til helgeomvisingar på Jugendstilsenteret og KUBE i sommar, og gjerne også mogelegheit for å ta formidlingsoppdrag heile året. Formidling til eit breitt publikum, på norsk og på engelsk. Det er ønskeleg med utdanning eller erfaring innan kunsthistorie, kunst eller andre relevante fagområde. Erfaring med formidling er ein fordel.
Omfang: Sommaromvisingane vil foregå i helgene i veke 25-33.
Kvalifikasjonskrav
Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:
- er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- har interesse og fagbakgrunn innan museum, historie og kunst.
- har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
- er sjølvstendig, strukturert og ryddig
- har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt kollegialt miljø. Løn j.fr. landsoverenskomst og avtale.
Arbeidstid, arbeidsmengde og stillingsprosent varierer. I år er sommersesongen mellom 24.06 -- 21.08. Dagleg arbeidstid vil variere mellom 2 og 7,5 timar. Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden.
Ver vennleg å spesifiser kva for ei stilling du søker på.
Søknadsfrist: 2. mai 2022
Kontakt: ++post@vitimusea.no++
Om bedriften
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandsbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.