Miljøterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Austevoll kommune
Eidsbøen, 5392 Storebø
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg er ei eining med om lag 50 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Miljøarbeidartenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig 100 % stilling som miljøterapeut med arbeidsstad f.t. Miljøarbeidartenesta.
Per i dag er delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.
Det er eit tverrfagleg arbeidmiljø med blant anna vernepleiarar, ergoterapeut, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar med erfaring.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
• Som vernepleier vil du ha ei viktig rolle i å utvikle våre tenester videre og du vil ha eit særlig ansvar for at overordna og faglege føringer vert fulgt.
• Din kompetanse er viktig for å oppretthalde og utvikle kvaliteten på miljøarbeidet.
• Utarbeide og følge opp tids- og tiltaksplaner for tenestemottakarar og sørge for at dei er oppdatert og etter tenestemottakar sine behov.
• Legemiddelhandtering.
• Kap 9.
• Rettleie kollegaer.
• Oppfølging og samarbeid med pårørande og andre instanser.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar
- God fagleg kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Relevant erfaring frå arbeidsfeletet er ønskeleg
- Førarkort for personbil
- Gyldig politiattest
Ynskjer:
- Sjølvstendig, fleksibel, samt at du liker ein variert og utfordrande kvardag.
- Jobber systematisk og strukturert.
- Evner til å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Du trivast med å jobbe tett på tenestemottakarar
- Løysingsorientert og ansvarsbevisst, og har evnen til å jobbe målretta.
- Engasjert medarbeidar som kan vere med å videreutvikle tenester
- Du medvirker til eit ope og positivt arbeidsmiljø, har stå på vilje og humor og er ein god rollemodell
- Personlig egnaheit, stabilitet og god arbeidsmoral vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing
- Det er krav om førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Mobil +47 98232951
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Adresse
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 500 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 6. februar 2022
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2861731dep178513_Austevoll kommune_stepstone
Stillingsnummer: 4820a188-d300-4606-bd0c-3a04b4d5cf5a