Spesialbibliotekar
Jobbnorge ID: 187667
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, biblioteket, er det ledig eit 100% vikariat som spesialbibliotekar frå 1.8.2020 til 31.7.21.
Biblioteket ved Høgskulen i Volda leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte for 4000 studentar og 350 tilsette. Vi er ein kunnskapsorganisasjon i endring og treng ein ny medarbeidar på laget som vil vere med og utvikle framtidas bibliotek. Vi har eit tett samarbeid med studentar og fagtilsette, innbydande lokale med meirope-ordning og ein læringsverkstad for digital utvikling. Vi er elleve tilsette og fire studentvakter.
Bibliotekets mål er å vere ein partnar innan forsking, undervisning og læring ved Høgskulen i Volda. Vi jobbar aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Vi bruker biblioteksystemet Alma og søkemotoren Oria, pensumlistesystemet Leganto og Brage som institusjonelt arkiv. Elektroniske ressursar blir ein stadig viktigare del av biblioteket sitt litteraturtilbod, og vi ønskjer å auke satsinga på dette området. Vi leitar etter deg som er open for nye tankar om framtidas bibliotek, ser løysingar og liker ein hektisk og variert arbeidskvardag. Vi ser etter
ein utadvent og positiv relasjonsbyggar som kan jobbe inn mot fagmiljøa. Vi har eit godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på trivsel i kvardagen.
Kvalifikasjonar
. Må ha minimum bachelorgrad, gjerne mastergrad innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande
. Bør ha erfaring frå fag- og forskingsbibliotek og biblioteksystemet Alma.
. Bør ha IKT-fag og/eller andre fag som det vert undervist i ved HVO i fagkrinsen.
Vi søkjer ein medarbeidar som:
. har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
. er sjølvstendig, initiativrik og utviklingsorientert
. har vilje til å dele kunnskap og erfaring med andre
. er fleksibel og sørvisinnstilt
Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
. har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
. er sjølvstendig, initiativrik og utviklingsorientert
. har vilje til å dele kunnskap og erfaring med andre
. er fleksibel og sørvisinnstilt
Arbeidsoppgåver
. Skrankevakter og katalogisering
. Undervising og rettleiing av studentar og tilsette i informasjonssøk, kjeldebruk og referansehandteringssystem (EndNote, Zotero)
. Ansvar for samlingsutvikling og kontroll av pensumlister for eitt eller fleire av høgskulen sine fagområde
Det kan kome endringar i arbeidsoppgåvene som blir lagt til stillinga.
Vi tilbyr
Eit spennande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda:
Spesialbibliotekar 1515 frå kr 472000 til 532 300.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad. Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG,JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte biblioteksjef Mona Iren Auganæs , tlf.: 70 07 53 71, e-post: auganaes@hivolda.no.
Om avdelinga/eininga
Bibliotekets mål er å vere ein partnar innan forsking, undervisning og læring ved Høgskulen i Volda. Vi jobbar aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Vi bruker biblioteksystemet Alma og søkemotoren Oria, pensumlistesystemet Leganto og Brage som institusjonelt arkiv. Elektroniske ressursar blir ein stadig viktigare del av biblioteket sitt litteraturtilbod, og vi ønskjer å auke satsinga på dette området. Vi leitar etter deg som er open for nye tankar om framtidas bibliotek, ser løysingar og liker ein hektisk og variert arbeidskvardag. Vi ser etter
ein utadvent og positiv relasjonsbyggar som kan jobbe inn mot fagmiljøa. Vi har eit godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på trivsel i kvardagen.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.