Studiekonsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Universitetet i Oslo
Postboks 1096 Blindern, 0317 Oslo
Jobbnorge ID: 165992
Om stillinga
Ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er det ledig ei fast 100 % stilling som studiekonsulent (SKO 1408 førstekonsulent). Studiekonsulenten får administrasjon av eit bachelorprogram ved instituttet som sitt særskilde arbeids- og ansvarsområde. Andre oppgaver vil bli lagt til stillingen.
Stillinga inngår i ei gruppe på 7 studiekonsulentar ved instituttet som jobbar tett saman. Instituttet ser for tida på fordelinga av dei ulike studieprogramma mellom stillingane, slik at ein nærare beskrivelse av ansvarsområde først vil vera klart til å bli presentert på intervjutidspunktet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge undervisning og eksamensavvikling saman med undervisningsleiar og dei emneansvarlege
- Administrere opptak til emner og seminargrupper
- Administrasjon av eksamen
- Førebu saker til programrådet og følgja opp vedtaka
- Studierettleiing
- Informasjonsarbeid - utforming og vedlikehald av informasjon på programmet sine nettsider
Stillinga krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning frå universitet eller høgskule med samfunnsvitskaplege fag i fagkrinsen, minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse kan erstatta utdanningskravet.
- Det krevs erfaring frå studieadministrasjon innan universitet- og høgskulesektoren.
- Det krevs erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap.
- God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- Evne til å jobbe strukturert, analytisk og med stor arbeidskapasitet
- Engasjement og initiativrikdom
Vi tilbyr
- Løn frå kr. 456 900 - 515 200 per år, avhengig av kompetanse
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- søknadsbrev
- CV
- Relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju i andre halvdel av april.
Oppstart i stillinga: 1. september 2019, ev. tidlegare etter avtale.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Kontorsjef Inger-Lise Schwab
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Adresse
Problemveien 7, 0371 Oslo
Hjemmeside
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå. Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 165992_Universitetet i Oslo_jobbnorge
Stillingsnummer: 47f88123-3215-44d9-8b08-c98c42bf0b13