Seksjonsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4354251301 Presentasjon av stillingen:
Seksjon auge Molde søkjer etter ein seksjonsleiar som ønskjer å jobbe i eit godt tverrfagleg team der arbeidsdagen er allsidig og spennande. Stillinga er delt , med to dager administrasjon og leiing og tre dager dagleg drift i poliklinikken, bl.anna sjukepleiardrive injeksjonspoliklinikk. I tillegg til poliklinikk har seksjonen stor operasjonsaktivitet. Seksjonsleiar er leiar for både legane, sjukepleiarane og andre tilsette i seksjonen. Det vert lagt vekt på fag og fagutvikling. Seksjonen er opptatt av at alle i teamet skal ha moglegheit for fagleg påfyll og utvikling.
Stillinga er ledig frå snarast tom. 31.03.2022!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift
- Personalansvar
- Budsjettansvar
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar
Personlege eigenskapar
- Interesse for faget
- Inspirator
- God i kommunikasjon og samarbeid internt og i avdelinga si leiargruppe
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingrid Vasdal, Avdelingssjef, 71120000, Ingrid.Vasdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
6412
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4354251301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.03.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal