Ledige undervisningsstillingar i skulen
Org. nr: 941 827 195 Stillingsident: 4353652046 Presentasjon av stillingen:
Sør-Fron kommune har ledig uspesifiserte faste og midlertidige undervisningsstillingar frå 01.08.2021.
Sør-Fron kommune har som mål å oppnå gode læringsresultat og eit godt miljø i skulen, både fagleg og sosialt. I dette arbeidet har lærarane eit stort ansvar.
Arbeidsoppgaver
Undervisning
Kvalifikasjoner
- godkjent lærarutdanning
- fortrinnsvis 30 studiepoeng i to basisfag for stillingar i barneskulen
- fortrinnsvis 60 studiepoeng i basisfag for stillingar i ungdomsskulen
Vi syner ellers til gjeldande lov- og avtaleverk.
Personlige egenskaper
Vi søkjer lærarar som
- er gode og tydelege klasseleiarar
- har god relasjonskompetanse
- har god IKT-kompetanse
- er engasjerte og målretta
- har gode samarbeidsevner
- har godt humør og eit positivt menneske- og elevsyn
- har evne til å skape trivsel og læring for elevane
- er sjølvstendige og trygge på seg sjølve
- er fleksible og kreative
Vi tilbyr
- eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei vaksne samarbeider
- eit profesjonsfagleg felleskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i opplæringa
- tilsetting på vanlege kommunale vilkår, og lønn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Monika Solberg, Rektor Harpefoss skule, 61299340, monika.solberg@sor-fron.kommune.no
Anne Almehagen, Rektor Midtbygda skule, 61299320, anne.almehagen@sor-fron.kommune.no
Eivind Lund, Rektor Sør-Fron ungdomsskule, 61299310, eivind.lund@sor-fron.kommune.no
Arbeidssted
Kommunevegen 1
2647 SØR-FRON
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Sør-Fron kommune
Referansenr.:4353652046
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 26.03.2021
Om bedriften
Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.
Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg, men ”dalernes blomme” har meir å bjo på! Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar. I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.
I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje -- Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren.
Velkome åt Sør-Fron!
Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonse selgarar.
Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.