Fagleiar for avlastningsbustad born og unge
Org. nr: - Stillingsident: 4235978681 Presentasjon av stillingen:
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Avlastningsbustad for born og unge er ei teneste i eining for habilitering/rehabilitering. Tenesta skal gi avlastning til familiar som pga. tyngande omsorgsoppgåver har behov for avlastning i bustad og skal også syte for tilrettelagt SFO i samarbeid med oppvekstetaten.
Det er ledig 100% stilling som fagleiar for tenester i kommunal avlastningsbustad, kombinert med tilrettelagt SFO for tidsrommet for tidsrommet 01.08.20 - 31.07.21.
Stillinga er 60% administrativ og 40% brukarretta. Noko kveldsarbeid må påreknast.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Medansvarleg for at den miljøterapeutiske tenesta held høg fagleg kvalitet i tråd med lov og forskrift, slik at brukar sine rettigheiter og behov vert ivaretekne.
- Samarbeid i forhold til privat avlastning og støttekontakt
- Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Sakshandsaming
- Personal- og fagansvar
- Utarbeide prosedyrer og retningsliner
Fagsystema som vert nytta er Profil, Compilo og SamPro .
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå, fortrinnsvis vernepleiar/sjukepleiar
- Leiarerfaring er ein fordel
- Kjennskap til HOTL kap. 9.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennende arbeidsoppgåver i nyoppretta tverrfagleg teneste
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, (+47) 46411059
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4235978681
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 03.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 29.05.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir