Konstitusjon som tingrettsdommar ved Sunnmøre tingrett/Møre og Romsdal tingrett
Om stillinga
Det blir ledig ein konstitusjon som tingrettsdommar ved Sunnmøre tingrett/Møre og Romsdal tingrett, med kontorsted i Ålesund. Konstitusjonen har ein varigheit på seks månader, med muligheit til forlenging. Tiltreding etter nærare avtale.
Sunnmøre tingrett har ein sorenskrivar, fem tingrettsdommarar, administrasjonssjef, to dommerfullmektigar og 12 saksbehandlarar.
Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 205 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Sunnmøre tingrett v/domstolleiar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf. 70 33 47 00.
- Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
- Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.
Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.
Søknadsfrist 26. februar 2021
Om bedriften
Om domstolen
Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Domstolane har vesentlege utfordringar i tilpassinga til nye samfunnstilhøve og lovgjeving, samt struktur- og oppgåveendringar. Fagleg utvikling, innføring av ny teknologi og godt arbeidsmiljø vil ha stor merksemd framover.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.