Barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Godøy skule, 80 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4195806114 Presentasjon av stillingen:
Godøy skule har ledig 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar / assistent frå 01.08.2020 - 18.06.2021.
Skulen har om lag 220 elevar og er ein 1-10 skule, der 1.-4. klasse har lokalitet på Alnes, og 5.-10. klasse er lokalisert på Godøya.
Framtidig skulestruktur er under vurdering og kan bli endra.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne.
- Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik
- Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer
- Gi tilpassa støtte til barn som treng det
- Leksehjelp ved Sfo kan òg bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Assistentar er også velkomne som søkjarar.
- God digital kompetanse
- Kompetanse i å leie barn i ulike aktivitetar ute og inne, og hjelpe barn til godt samspel med andre
- Søkjarar må snakke og skrive godt norsk.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også i samarbeid med andre
- Engasjement og løysingsvilje
- Evne og helse til å stå i krevjande arbeidsdagar
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
Kontaktinformasjon
Oddfrid Reinlund, konstituert rektor, 48023464
Arbeidsstad
Gøymyrane 122
6055 Godøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Giske kommune
Referansenr.:4195806114
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 18.06.2021
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.