Arealplanleggar - 100% fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4297641431 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune har forplikta seg til å arbeide for reduksjon av klimagassar i eigen oversiktsplanlegging. Vi vil auke tempoet med å nå eigne mål om eit meir bærekraftig samfunns- og næringsliv. Det vil krevje ei sektorovergripande tenking og planlegging, og god dialog med lokalsamfunna, interesseorganisasjonar og regionale aktørar.
Dei mest utsett og belasta områda må planleggast samla med sikte på å legge til rette for gode og klimavenlege løysingar. For å kunne gjennomføre dette arbeidet ynskjer vi å styrke plankapasiteten vår.
Vi ser etter deg som har erfaring med planarbeid og som har lyst til å jobbe med planlegging i eit klima- og miljøperspektiv. Du vil bli tilsett på Plan- og næringsavdelinga (sentraladministrasjonen) og inngå i eit planleggingsteam på fem personar. Du er velkomen til å søkje også om du ikkje har relevant erfaring frå planlegging og/eller klimaomstilling.
Arbeidsoppgåver
-Hovudarbeidsområdet er arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova og prosjektansvar for planarbeid i dei mest sårbare område våre med omsyn til naturkvalitet og belastning frå reiselivet.
-Hovudansvaret for å gjennomføre planprosess i to utvalde område i kommunen.
-Bidra med klima- og miljøfagleg kompetanse i kommunen sitt overodna planarbeid
-Bidra i kommunen si overordna samfunnsplanlegging og kommuneplanarbeid
-Saksførebuing av arealplanar til politisk handsaming
Kvalifikasjonar
-Mastergrad i relevant fagfelt, evt. bachelorgrad med erfaring innenfor fagfeltet
-Særleg relevant realkompetanse kan erstatte krav til formalkompetanse
-Erfaring med offentleg forvaltning og strategisk planlegging
-God kjennskap til relevant lovverk: Plan- og bygningslova, naturmangfoldlova, friluftslova m.fl. ---God muntlig og skriftlig kommunikasjonsevne
Det er ein fordel om du i tillegg har;
- erfaring med klimaomstilling og kjennskap til FNs bærekraftsmål
- erfaring med prosessleiing
- GIS- kompetanse
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner og personlege eiegskapar vil bli tillagt stor vekt
Du kan arbeide sjølvstendig men trivast også med å jobbe i team.
Du har gode evner til kommunikasjon, ein til ein og i større forsamlingar. Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap
Du er effektiv, strukturert og har evne til å føreta sjølvstendige vurderingar.
Vi tilbyr
Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
God pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Geirmund Dvergsdal , Plan- og næringssjef , 57874714
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4297641431
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Adresse
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. oktober 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4297641431_Stryn Kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 47172224-6744-4b4c-867a-1cb776a74ee2