Kommuneoverlege
Org. nr: - Stillingsident: 4197264108 Presentasjon av stillingen:
Ørsta kommune søker etter kommuneoverlege i 50-100 % stilling frå d.d. Stillinga er for tida plassert i stab Tildeling og koordinering under kommune direktør. Stabsleiar tildeling og koordinering vil vere næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver innan miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap.
- Oppfølging av LIS 1 og LIS 3 i kommunen
- Medisinskfagleg kvalitets- og utviklingsarbeid i helse og omsorgstenesta, inkludert samarbeid med nærliggande kommunar og helseføretak
- Medisinskfagleg rådgjeving til andre kommunale einingar
- Delta i folkehelse- og planarbeidet i kommunen
Det vert mogleg å forhandle om auka stillingsstorleik. Då vil andre oppgåver verte tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Meistrar godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Spesialitet i samfunnsmedisin er ein fordel
Det blir forventa at søkarar som ikkje har spesialiteten vil fullføre ein slik spesialisering.
Innsende vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for samfunnsmedisin.
- Evne til å tenke heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar iKLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Oddvar Marøy, Stabsleiar tildeling og koordinering, 918 51 882, oddvar.maroy@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ørsta kommune
Referansenr.:4197264108
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 02.03.2020
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap