Driftsoperatør
Driftsoperatør
Vi har ledig 100 % stilling som driftsoperatør på fylgjande satelittstasjonar frå 1. juli 2020:
Kvart av anlegga har ope etter følgjande plan:
Skårmoen avfallsmottak i Fyresdal: Måndag kl. 14.00–19.00Vistad avfallsmottak på Dalen: Tysdag kl. 14.00–19.00
Hovdestad avfallsmottak i Åmot: Onsdag kl. 14.00–19.00/
Fredag kl. 09.00–15.00
Driftsoperatøren si arbeidstid, i tillegg til opetida, er to timar før opningstid og ein halvtime etter stengetid. Tidene utanom opetidene skal nyttast til gjeremål og plikter som inngår i arbeidsinstruksen. I tillegg skal mottaka ha ope siste laurdagen i mai/juni/juli/august frå kl. 09.00–13.00. Vi ønskjer ein person, i heil stilling, som kan ta seg av alle mottaka.
Vi ønsker oss at søkjar har følgjande bakgrunn:
- Erfaring frå bruk av tyngre maskinar (gravemaskin og hjullastar) gjerne også erfaring med handsaming/sortering av avfall (ikkje eit krav/opplæring blir gjeve)
- Maskinførar-/kompetansebevis - M2/4/5 og T4 (tilbod om intern.oppl. ved manglande bevis)
- Kjenner til og kan bruke elektroniske kommunikasjonsutstyr (android telefon, nettbrett, PC)
Personlege eigenskaper og krav:
- Imøtekomande, løysingsorientera og gode samarbeidseigenskaper
- Omgjengeleg og eit godt humør
- Innstilt på å yte god service til brukarar/abonnentar
- Vi krev god kommunikasjonsevne og ei sikker språkføring.
Arbeidsspråket er norsk.
Vi tilbyr:
- Spennande tverrfaglege arbeidsoppgåver
- Ordna arbeidsforhold med konkurransedyktige vilkår eit aktivt og godt, men til tider hektisk arbeidsmiljø
- Opplæring og god moglegheit til eiga utvikling, løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
For meir utfyllande informasjon om stillinga, ta kontakt med driftsleiar Elsa Ann Hauglid / tlf. 35 06 80 00/977 11 142.
Send søknaden din på e-mail til post@renovest.no - mrk. søknad «driftsoperatør – satelitt».
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Søknaden kan og sendast pr. post til: Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 Kviteseid.
Søknadsfrist: 31.05.2020
Om bedriften
I Renovest IKS er det rom for både store tankar og tusenvis av handlingar kvar einaste dag. Dei store tankane er knytt til samfunnsnytta vi gjer. Når vi vel å sei tusenvis av handlingar tenkjer vi på alle dei aktivitetane vi gjer i heile Vest-Telemark kvar einaste dag. Handlingar som gjev omlag 6000 hushald og 11 000 hytteeigarar ein enklare kvardag. Alle desse handlingane skal bera i seg vår høge ambisjon om å levera betre enn det som er venta av oss.
Berekraftig avfallshandtering, material- og energiattvinning er avgjerande for å betre miljøet, og samstundes ta vare på ressursane. Renovest IKS tek årleg hand om meir enn 10 000 tonn avfall, og verksemda sin innsats er eit viktig bidrag til miljørekneskapet i regionen. Vi har mottaksstader spreidd over heile Vest-Telemark, og har tolv fast tilsette. Saman med våre underleverandørar, direkte knytt til aktiviteten vår, tel vi 17-18 stillingar (avhengig av årstida). Vi vil årleg i neste femårsperiode omsetja for meir enn 40 mill. kr. Renovest IKS er ei interkommunal verksemd eigd av kommunane; Vinje, Fyresdal, Tokke, Kviteseid og Seljord.