Leiar Skjåk folkebibliotek
Stillingsannonsen er inaktiv.Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Vi søkjer ny leiar for Skjåk folkebibliotek - eit bibliotek i utvikling. Vi søkjer deg som vil vere med på å vidareutvikle biblioteket, både som møteplass for alle aldersgrupper og arena for opplevingar og meiningsutveksling. Stillinga, i 100%, er ledig frå 1. juli 2021.
Skjåk folkebibliotek er plassert i kommunehuset i Bismo og har 3 tilsette (vel 2 årsverk). Biblioteket er ein viktig kulturarena og skal fylle roller som både kulturarena, møteplass og debattarena. Biblioteket ynskjer å vera bibliotek for alle aldersgrupper. Formidling for barn og unge er ei prioritert oppgåve, og biblioteket samarbeider tett med Skjåk barne- og ungdomsskule.
Biblioteket har nær 13 000 utlån i året (2019). Arrangement er ein sentral del av drifta og møteplassfunksjonen er viktig. Biblioteklokala vart oppgradert og fornya i fjor. Skjåk folkebibliotek er utviklingsorientert og er i gang med overgang til meirope bibliotek.
Biblioteket er del av oppvekst- og utdanningssektoren i kommunen. Biblioteksjefen rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og utdanning. Biblioteket samarbeider om bibliotektenester og kulturarbeid med nabokommunane.
Arbeidsoppgåver
Som biblioteksjef er du ansvarleg for
- Leiing og dagleg drift av biblioteket
- Utvikling av biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov
- Oppfølging av personalet og personalutvikling
- Økonomistyring med ansvar for budsjett og rekneskap
- Å bidra til gode brukaropplevingar
- God samhandling med skulen, barnehagane, dei andre tenestene i kommunen og eksterne samarbeidspartar
- Delta i og medverke til å vidareutvikle det interkommunale samarbeidet om bibliotektenester og kulturoppgåver
- Skrankevakter kveld- og helg
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgskuleutdaning, fortrinnsvis i bibliotek- og informasjonsvitskapRelevant leiarerfaring
- Ynskjeleg med bibliotekfagleg kompetanse
- Samfunnsorientert, litteratur- og kulturinteressert
Vi vektlegg at du er
- tydeleg, open, raus og kreativ
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har avgjerds- og gjennomføringsevne
- er positiv, med evne til å involvere og skape engasjement
- har evne til omstilling og nytenking
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- har grunnleggjande kjennskap og gode haldningar til bruk av IKT
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Unnvald Bakke, kommunalsjef for oppvekst og utdanning, mobil 97112074.
Søknadsfrist 14. mars 2021
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Adresse
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Hjemmeside
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Om stillingen
Stillingstittel
Biblioteksjef
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juli 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Sist endret: 14. mars 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 464c3dee-64cf-46fd-bb76-da011865e502
Stillingsnummer: 464c3dee-64cf-46fd-bb76-da011865e502